-
Aktiviteter i regi av Dale idrettslag
Trene saman med andre? Dale idrettslag har eit rikt og variert program for alle aldre. Klikk på lenke for å lese meir om dei ulike tilboda og treningstider.
Handlebussen på Vaksdal
Er det vanskelig å komme seg til butikken?Kvar torsdag året gjennom kjører frivillige handlebussen på Vaksdal. Bussen kjører frå Vaksdal sjukeheim ca kl 16, og henter heimebuande rundt om i bygda . Vidare kjører bussen på Coop Vaksdal for handel. Du må handle sjølv, men dei frivillige er behjelpelig med å finne varer ved behov. Dei hjelper også til å pakke varene i poser i kassen. Etter handelen spanderer Coop Vaksdal kaffi og noko lite å bite i på Sentertorget.
Om du ynskjer å være med handlebussen, må du ta kontakt med frivilligehetskoordinator Maren Thorkildsen på telefon 92049856, eller e-post Maren.Amanda.Thorkildsen@vaksdal.kommune.no
Del på:
-
Aktiviteter i regi av Vaksdal Husflidslag
Laget blei stifta 1.april 1987, og har 67 medlemmer ( pr mars 2024 ) Me leigar lokaler i andre høgda i Coop sitt bygg på Dale. Lokalet kallar me Husflidstova. Laget har Ung Husflid, som er ulike tilbud for born og vaksen opp til 26 år.
-
Aktiviteter i regi av Vaksdal idrettslag
Trene saman med andre? Vaksdal idrettslag har eit rikt og variert program for alle aldre. Klikk på lenke for å lese meir om dei ulike tilboda og treningstider.
-
Aktiviteter i regi av Vaksdal Turlag
Vaksdal turlag arrangerer aktivitetar og turar i heile kommunen, i skogen, ved sjøen og på fjellet. Vi er ein god gjeng frivillige som brenn for at fleire skal kome seg ut på tur. Vi arrangerer fellesturar gjennom heile året både i og utanfor egen kommune. Vi har ei aktiv seniorgruppe som arrangerer turar på dagtid annankvar tysdag i sommarhalvåret og Barnas turlag som inviterer til aktivitetar og turar for bornefamiliar.
-
Aktivitetsvenn
Korleis kan noko hyggelig bli endå meir hyggelig? Å være aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre gjere noko du liker, saman med ein/ei som har demens.