-
Aktiviteter i regi av Stamnes idrettslag
Stamnes idrettslag har mange og varierte aktiviteter.
Friskliv og meistring
Ynskjer du å oppnå betre helse? Treng du hjelp til å meistra kvardagen? Friskliv og meistring er eit interkommunalt tilbod for innbyggarar i Vaksdal, Eidfjord, Ulvik og Voss herad. Friskliv og meistring held til på Hagahaugen, Hagahaugvegen 30, 5710 Skulestadmo.Me tilbyr
kurs, gruppetrening og individuell rådgjeving som kan hjelpa deg med:
- Betre kosthald
- Fysisk aktivitet
- Meistring av stress eller belastning
- Meistring av depresjon
- Auke kvardagsglede
- Betre søvn
- Støtte til å bli tobakksfri (røyke- / snusslutt)
Hjå oss får du oppfylging tilpassa behov og føresetnadar, slik at du sjølv vert i stand til å meistra kvardagen på ein måte som gjev deg betre helse og førebyggjer for livsstilssjukdomar.
Me har tru på små grep og endringar over tid, og fokuserer på meistring, støtte og kunnskap for at du skal lukkast.
For meir info følg lenke: Friskliv og meistring - Voss herad
Del på:
-
Aktiviteter i regi av Dale idrettslag
Trene saman med andre? Dale idrettslag har eit rikt og variert program for alle aldre. Klikk på lenke for å lese meir om dei ulike tilboda og treningstider.
-
Aktiviteter i regi av Stanghelle idrettslag
Stanghelle IL er et lokalt idrettslag på Stanghelle, som ble etablert 5. desember 1979. Av aktiviteter for barn kan vi tilby fotball, allidrett og badminton. Vi har også aktiviteter for voksne, som badminton, spinning og styrketrening. Vi har også en Sauna i Agnavika. All overskudd fra denne går rett tilbake til idrettslaget. Det bidrar til at vi kan fortsette å holde en så lav medlem- og treningsavgift for barn og unge hos oss.
-
Aktiviteter i regi av Vaksdal Husflidslag
Laget blei stifta 1.april 1987, og har 67 medlemmer ( pr mars 2024 ) Me leigar lokaler i andre høgda i Coop sitt bygg på Dale. Lokalet kallar me Husflidstova. Laget har Ung Husflid, som er ulike tilbud for born og vaksen opp til 26 år.
-
Aktiviteter i regi av Vaksdal idrettslag
Trene saman med andre? Vaksdal idrettslag har eit rikt og variert program for alle aldre. Klikk på lenke for å lese meir om dei ulike tilboda og treningstider.