Aktivitetsvenn

Korleis kan noko hyggelig bli endå meir hyggelig? Å være aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre gjere noko du liker, saman med ein/ei som har demens.

Som frivillig aktivitetsvenn for ein person med demens kan du få dobbel gleda av å gjere noko du likevel skulle gjere. 

Det er ikkje vanskelig eller veldig krevande å være aktivitetsvenn, det er berre hyggeleg. Du treng ingen spesielle kunnskaper eller eigenskaper. Du treng eigentleg berre å være deg sjølv. Om du har ei interesse, eller noko du syns er kjekt å gjere, så er det eit godt utgangspunkt. Det kan være nesten kva som helst. 

  • Gå ein tur
  • Lese bøker
  • Spele musikk
  • Sykle
  • Fiske
  • Gå på kino eller utstillinger
  • Besøke eit museum

Eller berre møtast for ein kopp kaffi og ein liten prat! 

Heile poenget er at både du og din nye venn skal ha glede av opplevinga. Mennesker med demens er ganske like oss som ikkje har sjukdommen. Dei liker å gjere noko hyggelig, og følelsen av å gjere noko hyggelig varer lenge! 

Me finn nokon som passer for deg! 

Å være aktivitetsvenn skal være både hyggelig og trygt. Trygt ordner me. Hyggelig blir det det fordi du kan gjere noko du liker og samtidig være tilstede for ein som treng deg. Når du melder deg som aktivitetsvenn skal du vite at du har eit støtteapparat med erfaring og kompetanse i ryggen. Me finn nokon som har samme interesser som deg. Det gjer me fordi me veit at både personlege interesser og kjemi er viktig for at de begge skal få glede av å tilbringe tid i lag. I tillegg tilbyr me deg veiledning og kurs. På denne måten blir du rusta til å være aktivitetsvenn og til å tilbringe tid med ein som har demens. Du slepp å bekymre deg for om du gjer ting riktig, og kan fokusere på den doble gleda som ligg i å kunne bruke dine ressurser til noko meiningsfylt, og få ein ny venn. 

Bli aktivitetsvenn og vær med på å gje ein person med demens fleire gode dager og gode opplevinger! 

Kunne DU tenke deg å bli Aktivitetsvenn? Ta kontakt med frivillighetskoordinator Maren Amanda Thorkildsen på  telefon: 92049856 eller e-post: frivilligsentral@vaksdal.kommune.no 


2024 © Vaksdal frivilligsentral