Julegåveaksjonen i Vaksdal 2022

Vil du hjelpe andre til jul?

Gåve til ein ukjend:
Alle blir invitert til å kjøpe/ lage og levere inn gåver som igjennom vårt samarbeid blir gitt vidare til personar og familiar i kommunen. Målet er at alle skal få ei julegåve å opne på julafta og/eller skal få muligheit til å gi noko til sine nærmaste.

Slik kjem gåvene inn: 
Du kjøper eller lagar ei fin gåve! 
Gjerne gåvekort. Merk gåva med kjønn og ca alder. Ta kontakt med frivillighetskoordinator Maren for å avtale levering av gåvene.
Viktig at ein leverer gåver seinast innan 14.desember! Tusen takk :)

Ynskjer du heller å gi ein sum som me kan handle inn gåver for? Du kan då Vippse til 553994. Merk med "Julegåve". 

17.desember arrangerer fem musikarar donasjonsbasert julekonsert i Pittersen Pub- Slakteriet, til inntekt for formålet!  

Internt samarbeid: Parallelt med innsamling av gåver, blir det gjort ei kartlegging ute i tenestene over kven som treng/ynskjer gåver og matkasser. 

Frivilligsentralen inviterer også andre som er i ein økonomisk situasjon i år som gjer at ein treng litt ekstra til jul om å ta kontakt. 

Ein kan ta kontakt på e-post eller telefon til den tenesta ein ynskjer (NAV, Barnevern, Tverrfaglig helse eller Frivilligsentralen).  Som mottakar er du anonym igjennom vår teieplikt og interne samarbeid.
Dei som bidrar som frivillige i prosjektet veit ikkje kven gåvene går til.

Kontaktinformasjon til frivilligsentralen:

Telefon: 92049856                                                                                                           

E-post: frivilligsentral@vaksdal.kommune.no 

2022 © Vaksdal frivilligsentral