Bli frivillig

Kven kan være frivillig?

Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre.
Du som har blitt pensjonist og synes dagane blir litt lange.
Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre mennesker.
Du som er arbeidssøkar og ynskjer å gjere noko positivt i ei vanskelig jobbsøkingstid.
Du som ynskjer å være medmenneske.

Eksempler på oppgåver kan være:
Telefonkontakt, turvenn, besøksvenn, butikkvenn, nattevandring, kinovenn.
Praktiske oppgåver som; Snømåking, hagestell, handling eller lignende.
Holde kurs, starte en selvhjelpsgruppe.
Rådgjevningsteneste – har du eit yrke eller en hobby som kan være nyttig for andre? Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.

Vi gir deg gjerne ein attest på din frivillige innsats. 

Du bestemmer sjølv kor mykje tid du vil bruke til frivillig innsats! 

Kva forventes av deg?

* At du kjem til avtalt tid, og at du melder frå om du er forhindra frå å komme

* At du behandler andre med vennlighet og respekt

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt mer?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til en uforpliktende samtale.

Eg ynskjer å starte noko nytt

Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov? Vi hjelper deg i gang. Er det noko som allerede eksisterer, kan me vere behjelpelig med å sette deg i kontakt med eksisterande tilbud! 

2025 © Vaksdal frivilligsentral