Onsdag 29 Mai 2024
Kl. 19:00, Vaksdal kyrkje
Foredrag av Jørn Øyrehagen Sunde
Magnus Lagabøte si landslov og Kristenretten - kva har no Guds fire døtrer med dei å gjere? Og kven er desse døtrene?

I år feirar vi to jubilé som er viktige for landet vårt og for framvoksteren av det demokratiet vi lever i.   

Det er 1000 år sidan Kristenretten vart innført i Noreg,  Det skjedde på Mostratinget i 1024.

250 år seinare, i 1274, vart Magnus Lagabøte si landslov gjort gjeldande for heile Noreg.  


Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett, UiO, og forskar ved Museet Baroniet Rosendal.  Han er allereie kjent for mange av oss som bur i Vaksdal, der han har delt av sin kunnskap i fleire av bygdene våre.  Han er sentral på nasjonalt nivå i høve begge jubiléa, 1000 år for Kristenretten og 750 år for Magnus Lagabøte sitt arbeid med landslova.


Denne gongen vil han sjå Kristenretten og Landslova i samanheng og samstundes fortelja om «Guds fire døtrer».   Det omgrepet syner til eit avsnitt i Salme 85  i Bibelen, om «Sanning, Fred, Rettferd og Miskunn».  Utmålinga  av straffa skulle ta omsyn til desse «Guds fire døtrer».


Vel møtt til ein spanande kveld i Vaksdal kyrkje 29. mai.



Vaksdal sokneråd/Tove Margrete Nordmark


2025 © Vaksdal frivilligsentral