Onsdag 19 Juni
Kl. 11:00, Gamle Slice`n på Stanghelle
Bygda på lag
Velkomne til dei første «Bygda-på-lag»-samlingane, eit frivillig prosjekt som syner å fremje fellesskap i bygda og samstundes lage eit større tryggleiksnettverk for dei som treng det.

Svangerskapstid, barseltid og småbarnsliv kan vere for mange ein sårbar fase. Det å gå utan arbeid er òg sårbart og ofte einsamt. Pensjonisttilværelsen er for mange ein uvant overgang der dei utan nettverk i same situasjon kan gå mykje åleine.

Felles for alle desse gruppene er at me treng føle oss mindre åleine og meir som ein del av eit fellesskap. Me treng å lære vekk og å lære. Me treng å føle oss nyttige.


Fellesskap kan gjere ein stor forskjell, betre livskvalitet og førebyggje mental uhelse. Vil du sjå om dette kan vere noko for deg?

Jordmor Trine Duesund Straume vil vere til stades og kan tilby samtaler til dei som treng det.

Det vert servert kaffi, te og frukt. Ta med eigen matpakke om du treng meir mat på denne tida.

Vel møtt!


(Om det vert godt oppmøte desse to dagane (12. og 19. juni) ynskjer me å halde fram kvar veke ila sommarferien)

2024 © Vaksdal frivilligsentral