Frammøte: parkeringsplass ved Turbinen idrettshall på Dale kl. 10.30
Vi samlar oss i bilar og køyrer via Bolstad mot Øvstedal. På Meland 346 m.o.h. startar turen mot Aldalen ca. 260 m.o.h.,«der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Turen går på traktorveg ca. 10 km t/r. I Aldalen ligg eit gamalt bruk, og tru det eller ei; ein suvenirfabrikk. Vi skal forsøke å få dei som bur der til å fortelje litt historie fra staden.
Sjå gjerne episoden frå Der ingen skulle tur at nokon kunne bu då dei vitja plassen:
?https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/sesong/8/episode/2/avspiller
Dette er ein lett tur der vi altså går ned i Aldalen, noko som medfører til at vi får noko stigning på returen. Vi reknar ca. 2,5 time i gangtid.