Bakgrunnen er NVE sine planar om ei 420 kV kraftlinja frå Samnanger til Kollsnes i Øygarden. Fleire av traséforslaga til NVE går gjennom våre nærfjell og turområde i Vaksdal.
Sundag 5. januar kan du vera med å gje fjella våre ei stemme. Den lokale motstandsgruppa arrangerer fakkeltog frå Vaksdal senter 15:30. Me går ein kort trasé opp til skulen, via Synken. Klokka 16:00 skal vardebåla tennast i heile regionen. I Vaksdal vert vardebåla strategisk plassert langs den planlagde traséen.
Den alternative traséen som er går innom Vaksdal berører ikkje berre Vaksdalsbygda. Linja er planlagt like forbi Fossdalsvatnet og idylliske Fossmarkasetre. Ved Hetto er linja planlagt å gå over fjorden til botnen og vidare inn i Hesjedalen. Vi oppmodar difor alle som er berørt, og er i mot monstermaster til å stille opp til ei felles markering på Vaksdal.
Det er planlagt bål på fylgjande toppar: Hetto (Stanghelle), Jamnesåta, Trollsanipa, Bogafjellet, Boganukjen, på Langhelle og på Hananipa.
Du kan delta ved å bli med på vardebål på ein av toppane, eller delta i fakkeltoget nede i bygda. Dersom du ønskjer å bidra, men ikkje kan vera med på nokon av alternativa, vert me svært glade om du vil donera litt ved til bål. Kan du bidra med bærehjelp i dagane før, vert me glade for det og.
Denne arrangementsida vert jamnleg oppdatert med ny informasjon. Hald av dagen og hald deg oppdatert. Dersom du ynskjer å bidra, eller lurar på noko, kan du ta kontakt med ein av oss.
Me kjem til å ta omsyn til veret, og vil ha ein alternativ plan dersom veret skaper utfordringar.
Helsing Kenneth Vik, Linda Lien, Magnus Hanevik, Bjarne Boge og Willy-Andre Gjesdal.
LA FJELLA LEVE