Torsdag 20 Februar
Kl. 17:00 - 23:55, Botnavegen 10, 5725 Vaksdal
Vintertreffet 2025

Torsdag vert det som dei siste åra ei framsyning med husband og ulike artistar på scena. Husbandet med Erlend Styve i spissen skal gje musikalsk støtte til både lokale utøvarar og kjende artistar. Alexander Knutsen tek med seg gitaren heimover frå USA og blir med og det same blir Marta Mjelde frå Vaksdal og Trine Duesund Straume frå Stamnes. Vi får også besøk av DDE-vokalist Bjarne Brøndbo, våre gode vener Heine Totland og Karianne Kjærnes i tillegg til Sputnik. Det vert småbord og stolar, open bar og to førestillingar.

Fredagskvelden står 3 Busserulls og Twang Gang m/ Berit Håpoldøy på scena i samfunnssalen. Det vert småbord og stolar.


Laurdag er det endeleg lokalrevy på Vaksdal igjen. Vaksdal Revylag garanterer latter og moro med den nye revyen «Det går alltid …» Det vert småbord og stolar, open bar og to førestillingar.

Rakkadeis avsluttar Vintertreffet 2025 på Vaksdal Pizzeria laurdag kveld.

Gå inn på Vintertreffet – UNDERHOLDNING FRA BYGDEFOLKET for billetter. 

2025 © Vaksdal frivilligsentral