Velkomen til KOM DEG UT-dagen - heile Vaksdal bålar!
Laurdag 18. januar er det Kom deg ut-dagen igjen og "Hele Norge båler"! I 2025 er dette også det store startskotet for Friluftslivets år. Saman med lokale organisasjoner inviterer turlaget til turar, aktivitetar og arrangementer over heile landet.
Vaksdal turlag tenner opp bål i alle bygdene og inviterer små og store til å samlast kring varmen mellom 12 og14 på desse plassane:
Vaksdal - Kolakaien
Stanghelle - Agnavika
Dale - Messehagen
Stamnes - Gapahuken på Tjødnane
Eksingedalen - Almane på Bergo
Turlaget stiller med gratis pølse til alle som kjem (sponsa av KIWI). Det vil også bli høve til å lære meir om og få gode tips om korleis ein kan bygge opp og tenne bål, og dei som vil kan få prøve seg på å tenne bål med tennstål.
– Vi håper mange vil vere med på å samlast rundt bålet og ha ein hyggeleg utedag saman, med morosame og gratis aktivitetar for store og små, seier Elizabeth, leiar i Vaksdal turlag.
Ho understrekar at det skal vere enkelt å vere med.
– Her vi bur i Vaksdal er vi så heldige å ha naturen nært på oss. Det vil vi bruke Friluftslivets år til å vise fram og markere! Dørstokkmila kan vere ekstra lang om vinteren, og uansett om ein er ein familie som er mykje på tur eller er meir uerfaren, kan ein kome på Kom deg ut-dagen og få litt inspirasjon.
Denne dagen handler om å skape gode opplevelser med naturen som utgangspunkt for alle som har lyst til å være med. I anledning Friluftslivets år 2025 vil vi på Kom deg ut-dagen som en del av Friluftslivets år, være med på "Hele Norge båler".
Hugs: det er alltid plass til ein til rundt bålet!