Fredag 05. desember 2025 kl. 11:00
Fredag
26
September
Vaksdal sokn har gjennom fleire år støtta eit lite fredsprosjekt i Sør Sudan.
Per Nordmark har lenge vore engasjert i dette arbeidet og no får vi besøk av han som står med ansvaret i det daglege: Eliah Lokii. Han kjem saman med styreleiar Biskop Emmanuel Lowi.
Vi kan by på ein kveld med fersk oppdatering om arbeidet i fredslandsbyen Kuron og høve til å bli litt kjende med desse to. Dei kan fortelja både om fredslandsbyen men også om landet sitt. Sør Sudan er den yngste staten i verda og folket der lever under heilt andre vilkår enn det vi er vande med.
Kl. 18:30, Vaksdal kyrkje
Besøk frå Sudan
