Onsdag 1 Oktober
Kl. 11:30, Vaksdal kyrkje
Baby- og småbornssong

Velkomen til sanserike samlingar for babyane, og ein møtestad for små og store i konfirmantrommet i Vaksdal kyrkje! Sjølve songsamlinga er ca 12.05-12.40, før og etter er det kaffi/te, prat og leik. Ta gjerne med niste! Me syng mest tradisjonelle barnesongar, og gjer ca det same kvar gong. Kom som du er og syng med den stemma du har, for ditt born er stemma di den vakraste som finst.

Sidan det alltid er nokon som lurar: det går fint an å vera med utan å syngja med, null stress! Og heile greia er veldig uformelt, så berre kom når de kan, sjølv om det er midt inne i opplegget, og gå når de vil :) 


https://www.kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/vaksdal/kva%20skjer/

2025 © Vaksdal frivilligsentral