Torsdag 16 Oktober
Kl. 18:30, Dale Forsamlingshus
Lansering av boka SANDFOLKET
Om fraktemenn i fjordafart og dei som sat heime og venta på papen"

SANDFOLKET er ei bok om singel og sand og fraktebåtar i Indre Osterfjorden, der spesielt Stamnes var eit sentrum.
Møt forfattarbrørne Inge og Jarle Kallestad som vaks opp i Stamnes i ei tid då lyden av fleire titals sandfartøy fortalde at det lei mot helg. I vekene var det kvinnene som styrte heime, medan mennene reiste i fjordafart. Odd Helland (f. 1938) frå veteranforeininga Sjøtun blir også med på arrangementet. Høyr om arbeidet med boka og korleis sandgruper og sandfrakten prega utviklinga av bygdene og oppveksten til dei tre karane. Kanskje kjem det nokre historier som ikkje står i boka også?

I boka kan ein lesa om menneska, historiene og draumen som bygde eit lokalsamfunn – og dei som betalte den høgaste prisen.

Inngang kr 50,-. Bokbad, boksal, signering og sosialt samvære. Kaffi og litt søtt. Det blir også eit lite gjensyn med nokre veteranar frå fjernsynsprogrammet Fjordafart i 1982, og Åse Lilleskare Faugstad vil lesa nokre dikt.

Boka kostar 299 kr og er til sals via www.leirfuglen.no . Ved førehandstinging blir boka levert fraktfritt i Vaksdal kommune, men er også til sals på Petersens Handeri i Gatå. Følg Leirfuglen Forlag på Facebook for oppdateringar om lokal litteratur og nynorske kvalitetsbøker.

2025 © Vaksdal frivilligsentral