Søndag 1 Februar
Kl. 13:00 - 15:00, Berge i Bergsdalen
KOM DEG UT - DAG
VELKOMMEN TIL KOM DEG UT-DAGEN PÅ BERGE I BERGSDALEN

Søndag 1. februar inviterer Barnas Turlag Vaksdal ALLE små og store til å kome seg ut på tur enten på vårt arrangement i Bergsdalen eller i nærmiljøet. Ta med deg heile familien og KOM DEG UT på tur!

Vi lagar til eit kjekt opplegg for familien denne søndagen med rebus, konkurransar, preparerte løyper, akebakkar og grilla pølser. Det vert også geiter og hestar som ein kan helse på. Er vi riktig heldige kjem også Turbo innnom!

Ta med ski og akebrett. Vi lovar flotte preparerte løyper. Ta elles med klede etter vêret, noko å sitte på og mat og drikke - pølser syter vi for! Vi satsar på nydeleg vintervêr og god stemning med mykje aktivitet for små og store. Vel møtt!


2026 © Vaksdal frivilligsentral