Jørn er professor ved institutt for offentlig rett ved UiO. Privat er han ein stor hageentusiast.
Det finst nesten ikkje bevart gamle hagar i Norge. Men det finst gamle kart, innkjøpslister, avisannonsar og anna som gjer at vi kan danna oss eit bilete av hagekulturen i eldre tider.
I føredraget vert du tatt med tilbake 200 år. Kva tradisjon for hage fanst det truleg i Vaksdal på den tida? Kva hagar i Bergen og området rundt kunne tena til inspirasjon for å laga din eigen hage? Og kva planter var å få kjøpt som du kunne fylla hagen din med?