Søndag 14 Juni
Kl. 12:00 - 14:00, Vaksdal Idrettspark
Rulleski og sykkelmoro i Vaksdal idrettspark
Søndag 14. juni 2026 kl 12-14 er me så heldige at Anne Lise Leiren Mastervik frå Norges skiforbund kjem til Vaksdal Idrettspark. Ho har med seg rulleski til utlån, og me får innføring i korleis me brukar dei. Ho har også med seg ulike element som legg til rette for leik og moro på rulleskia.

Me lager i tillegg til ei sykkelløype utanfor gjerdet (det blir bilfritt ved klubbhuset denne dagen).

Praktisk informasjon: Skiforbundet har utlån av skisko frå størrelse 36 og oppover. Dersom ein bruker mindre skostørrelse kan ein ta med skisko sjølv eller eventuelt låna av andre. Sjekk også Bua på Dale. Ta helst med sykkelhjelm, men du kan låne dersom du ikkje har eigen. Ungane bør ha hanskar på seg. Ingen treng å ta med skistavar.

Det blir også open kiosk.

Håper å sjå deg på idretten - på ski eller til fots!

2026 © Vaksdal frivilligsentral