Tirsdag 6 Februar
Kl. 10:00 - 11:00, Sosialrom i 3.etg i Turbinen
Avspenningsgruppe
Tverrfagleg helse i Vaksdal kommune inviterer til avspenningsgruppe!

Oppstart 6/2 kl 10-11.

Sosialrommet, 3.etg i Turbinen på Dale. Dersom godt oppmøte, heldt tilbodet fram til mai -24.

Du kan låne matte, eller så tek du med di eiga. 
🔸Ha mjuke og behagelege kle, varme sokkar. Kanskje eit lite teppe. Viktig å ikkje fryse. 
🔸Me tilstrebar ro i rommet. Både før, under, og etter timen. Kom gjerne nokre minutt før gruppa startar. 
Det kan vera lurt å gå på toalettet på førehand.😉
Skru av lyd/vibrasjon på mobilen. 
🔸Avspenningsgruppa dreiar seg ikkje om prestasjon. Så du skal ikkje presse deg, og tek pausar på matta di, dersom du treng det. Om enkelte bevegelsar ikkje passar for din kropp, så berre vent på neste instruksjon, og konsentrer deg om ro i pust og kropp. -Eller berre lytt til musikken. Evt spør etterpå, ang alternativ. 😊
🔸Me startar sitjande den fyrste tredjedelen av tida. Her er det viktig at du sit komfortabelt. Dersom du er van med å sitje i lotus/skreddarstilling, gjer du det. Dersom ikkje, sit du med lett bøyde bein, evt med pute under knea, eller setet. Slik at du kan slappe av i bein og hofter, samtidig som ryggen er oppreist. (Ta med deg pute, i tilfelle.) Dersom du syns dette er ubehageleg, kan du fint sitje på ein stol i starten!
🔸Resten av timen ligg me på rygg, kanskje litt på mage. Me gjer enkle mobilitet- og tøyeøvingar i roleg tempo. Evt synkronisere pust med bevegelse, når ein er van med opplegget. 
🔸Siste ti minuttane er det stilleliggjande avspenning med instruksjon: Går igjennom kroppen, del for del. Prøver sleppe tak, mjukne, og finne ro. 
Håpar du får ei god oppleving med avspenning desse tirsdagsmorgonane, som du kan ta med deg ut etterpå. 🌼
Ta gjerne kontakt om du lurar på noko. Det er ikkje bindande påmelding, og det er gratis!😊
Du er veldig velkomen!
Mvh Silje.
Tlf/sms: 959 87 625
2024 © Vaksdal frivilligsentral