Søndag 4 Juni 2023
Kl. 12:00 - 15:00, Skipshelleren
Familiedag
Bli med barnas turlag Vaksdal på ein innhaldsrik dag ved Skipshelleren på Straume.

Denne dagen legg me tilrette for ulike aktivitetar som er tilpassa barn i aldersgruppa 0-12 år. Skipshelleren er ein plass som har mykje historie, der det har vore teikn til at menneske har budd så langt som 7000 år tilbake i tid. Plassen er nydelig plassert ved fjorden. Her er det både kai, utedo samt eit stort grindbygg med sitteplassar. Stranda er langgrunn og barnevenleg, samt kaien er morosam for dei litt større barna å hoppe ifrå, eller å fiske. 

Barnas Turlag Vaksdal er eit lavterskel tilbod som er gratis for barn i alderen 0-12 år. Eit tilbod til barn og barnefamiliar som ynskjer å bli kjend med andre familiar, lære om naturen og skape gode opplevingar i naturen. Naturen er for alle og me kan saman skape gode minner. 

Oppmøte og tilkomst: Parkering ved Dæmring, like ved Bolstadstraumen bru. Her går det merka gangsti opp til Skipshelleren (omlag 300 meter). Gangstien er noko kuppert skogssti med enkelte trapper, tilkomsten er fin for dei aller fleste. Dersom du har barn som ikkje går sjølv kan det vere lurt å ha bæreutstyr. 

Mat: Me fyrer i bålet og ordnar med pinnebrødeig til dei som ynskjer å smake. Alle tar med egen mat og drikke etter ynskje.

Utstyr: Ta på gode skotøy og klede etter været. Badetøy og fiskeutstyr for dei som vil.

Trenger du å låne utstyr? Ta kontakt med BUA Vaksdal, dei låner ut gratis utstyr til alle

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Vaida Gelumbickaite
  • Tomas Borovjak
  • Guro Byrkje


Familiedag ved Skipshelleren — Turer og aktiviteter — Vaksdal Turlag (dnt.no) 

2024 © Vaksdal frivilligsentral