Lørdag 24 Juni 2023
Kl. 10:30 - 15:00, Fossmark
Fossmark rundt
Nærturar er i vinden som aldri før, og fleire og fleire får auga opp for dei utallige turane ein kan gå eit steinkast frå eiga stovedør. Ei skikkeleg turperle finn ein frå og til E16 ved Fossmark. På rundturen via Fossdalen og Fossmarksetra vil ein få oppleve både kulturminne og særdeles variert natur og vegetasjon. Bli med Vaksdal Turlag på tur!
2024 © Vaksdal frivilligsentral