Lørdag 17 Desember 2022
Kl. 19:00, Pittersn Pub
Julekonsert på Pittersn Pub
Kom og høyr lokale artister spele til inntekt for julegåver og matkasser.

Jula er ei tid for fine opplevingar saman, og 17. desember samlast fem musikarar til scenefest på Pittersn Pub - Slakteriet. Dei har alle spelt mykje kvar for seg, men aldri før har dei stått på same scene, så dette er noko du vil få med deg. Hege Eide Vik, Markus Oliver Kydland, Lena Fjærestad, Eirik Straume Normann og Trine Duesund Straume inviterer alle som vil til donasjonsbasert julekonsert. Pengane går til Vaksdal Frivilligsentral som vil kjøpe inn gaver og mat til dei som treng det aller mest.

Billetter kjøpast på VIPPS 553994 kr 300 og merk med «julekonsert».
Pengane går då direkte til Vaksdal frivilligsentral. Maks antall 60 personar, så vær tidleg ute med å sikre deg billett!

Velkomen! 

2024 © Vaksdal frivilligsentral