Søndag 5 Februar 2023
Kl. 12:00 - 14:00, Bergsøyane og på Nesheim i Eksingedalen
KOM DEG UT - DAGEN
Søndag 5. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i Bergsdalen og i Eksingedalen

Kom deg ut-dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 6. februar er det igjen klart for vinterutgåva. Vaksdal Turlag skipar til arrangement for femte gong både i Bergsøyane i Bergsdalen og på Nesheim i Eksingedalen. På ein og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.

Kom deg ut-dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko.

Vi håpar det kjem snø, så alt ligg til rette for ein flott utedag, om du vil gå på ski i dei nypreparerte løypene, ake i akebakkane eller berre nyte ei sosial stund. Det vert laga til ein rebus med spørsmål for både små og store, og det vankar premie til alle som deltar.

Gilde sponsar alle med grillpølse, og Kiwi spanderer rosiner. Vi stiller med grillar og lagar til bål som alle kan nytte.

Hjarteleg velkomne!

Kontaktinformasjon:

2024 © Vaksdal frivilligsentral