Fredag 27 Januar 2023
Kl. 12:00
Lunsj med Jubelblues!
Oppveksttunet i Eksingedalen inviterer til lunsj og konsert.

Fredag 27.januar er ein fin dag å setja av til både lunsj og konsert på oppvekstunet i Eksingedalen. Frå klokka 12 serverer gutane i ungdomsskulen kaffi, påsmurte rundstykke og nysteikte vaflar. Og 13:30 byr bandet Good Time Charlie opp til konsert, " Jubelblues – midt i eit eventyr!"

Konserten er eit tilbod til oppveksttunet gjennom «den kulturelle skulesekken», og konserten er open for kven som helst. Bandet lovar ei energisk og inkluderande musikkstund, "ein leik i eit eventyrleg møte med rhytm & blues". 

Bandet vart etablert i 1982 og har gjeve ut ei rekkje plater, mellom anna tre barneplater. Good Time Charlie er kjent for si gode formidling av  rhythm & blues til eit yngre publikum, og er nok velkjente for det vaksne publikumet også.

2024 © Vaksdal frivilligsentral