Fredag 19 April
Kl. 21:00, Neset 7, 5724 Stanghelle
Stovekonsert med Brynjulf Stige & Marm
Vår neste konsert i Stova blir ei oppleving! Heile 6 mann skal spela i Stova på fredag 19.april. Brynjulf Stige & Marm arbeider med musikk på nynorsk, i ein romsleg visesjanger der det er plass til det uventa. Fleire av musikarane har tidlegare spelt i kjende band som Pogo Pops og Good Time Charlie. Dei fleste songane er skrivne av Brynjulf Stige, men på Stanghelle-konserten vert det også ein sekvens med Dylan på nynorsk.

Bandet som kjem til Stanghelle:
 Brynjulf Stige (vokal, gitar, munnspel)
 Viggo Krüger (gitar)
 Lars Tuastad (gitar, mandolin)
 Øystein Lydvo (bass)
 Øystein Eriksen (tangentar og perkusjon)
 Simon Gilbertson (kornett og perkusjon)
 Billetter 200 kr
 Vipps #698672 til Stanghelle Kultur
 Merk billetten med "Marm"

2024 © Vaksdal frivilligsentral