-
"VIS Service" - Språk- og arbeidsretta praksis som tilbyr hjelp til stort og smått
Vi har gleda av å presentere «VIS Service» - språk- og arbeidsretta praksis som tilbyr hjelp til stort og smått til deg som er innbyggjar i Vaksdal kommune. Dei er klare allereie frå torsdag 4. april.
Handlebussen på Vaksdal
Er det vanskelig å komme seg til butikken?Kvar torsdag året gjennom kjører frivillige handlebussen på Vaksdal. Bussen kjører frå Vaksdal sjukeheim ca kl 16, og henter heimebuande rundt om i bygda . Vidare kjører bussen på Coop Vaksdal for handel. Du må handle sjølv, men dei frivillige er behjelpelig med å finne varer ved behov. Dei hjelper også til å pakke varene i poser i kassen. Etter handelen spanderer Coop Vaksdal kaffi og noko lite å bite i på Sentertorget.
Obs! Så lenge det er kolonnekjøring mellom Vaksdal og Sandvik er det ikkje mulig å tilby handlebilen til bebuarar mellom Kjeneset og Stavenes.
Om du ynskjer å være med handlebussen, må du ta kontakt med frivilligehetskoordinator Maren Thorkildsen på telefon 92049856, eller e-post Maren.Amanda.Thorkildsen@vaksdal.kommune.no
Del på:
-
Aktivitetsvenn
Korleis kan noko hyggelig bli endå meir hyggelig? Å være aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre gjere noko du liker, saman med ein/ei som har demens.
-
BUA VAKSDAL
Lån det du vil til sport, leik og friluftsliv. Heilt gratis!
-
Ein- til- ein
Me får stadig henvendelser med spørsmål om me har nokon til å fylgje til diverse tenester eller gi ei hjelpandes hånd i kvardagen!