"VIS Service" - Språk- og arbeidsretta praksis som tilbyr hjelp til stort og smått

Vi har gleda av å presentere «VIS Service» - språk- og arbeidsretta praksis som tilbyr hjelp til stort og smått til deg som er innbyggjar i Vaksdal kommune. Dei er klare allereie frå torsdag 4. april.

Språk- og arbeidsretta praksis - og praktisk hjelp til deg

Deltakarane kjem alle frå Ukraina, og tek del i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Tida er no moden for språk- og arbeidsretta praksis. Derfor har VIS, i samarbeid med Frivilligsentralen, oppretta “VIS Service”.

Deltakarane har lang erfaring frå allsidig og praktisk arbeid i Ukraina, og Frivilligsentralen får no ein ny ressurs for å hjelpe folk med stort og smått.

“VIS Service” har etablert seg i BUA saman med Frivilligsentralen – og vil i byrjinga ta oppdrag på og rundt Dale. Alle oppdrag som kan løysast, er gratis for innbyggjarane.

I hovudsak er dette eit tiltak for å gje språk- og arbeidsretta praksis i Noreg, som ein del av introduksjonsprogrammet for flyktningar frå Ukraina. Samstundes gir det Frivilligsentralen ressursar til praktisk oppgåveløysing for våre innbyggjarar.

Kven er dei, og kva kan du vente deg?

«VIS Service» består i dag av seks vaksne menn, alle med eit langt arbeidsliv bak seg i Ukraina. Til saman utgjer erfaringa deira meir enn to hundre årsverk innanfor ei mengd praktiske fag.

I første omgang er det eit tilbod på og rundt Dale. Dette har samanheng med at VIS held til på Dale, og vi må hauste erfaring med kor mange oppgåver det er realistisk å rekkje over. VIS Service er i oppstarten tilgjengeleg på torsdagar og fredagar i tidsrommet kl 10.00 til 18.00.

Tilbodet er delt opp i fem kategoriar:

  • Utlån - er i BUA og opningstidene er utvida med torsdagar og fredagar frå kl 10.00 til 18.00.
  • Gjenbruk - kan vere frakt av klede og sko til innsamlingsboksar, eller frakt av større gjenstandar til BIR sin gjenvinningsstasjon.
  • Tenester – kan vere rydding og tømming av kjellar eller garasje, innkjøp, varelevering og enklare hagearbeid.
  • Transport - vil skje med kommunen sine bilar og bestå av til dømes bæring og flytting av tunge gjenstandar.
  • Reparasjon - kan skje på staden eller i verkstaden til BUA. Dette kan vere lapping eller klargjering av syklar og overhaling av hageutstyr. Mindre omfattande reparasjonar av gjerder og uteområde kan og vere innanfor området reparasjonar.

Tryggleik for alle

Deltakarane vil bere gule arbeidsklede og kunne vise fram eit stempla ID-kort merka med «VIS Service». Av omsyn til tryggleiken for den einskilde deltakar, vil vi gjere ein HMS-risikovurdering ved behov.

Arbeid i høgda (stige/stillas) er ikkje mogeleg.

Korleis gi noko tilbake?

Du betaler ingenting for tenestene frå VIS Service. Men vi håper du vil ta ein hyggeleg, langsam prat på norsk med deltakarane. Det er ein veldig fin måte å gi noko tilbake som har stor verdi for kvar enkelt.

Vil du ha hjelp til noko, ta kontakt med oss

E-post:

Telefon:

2024 © Vaksdal frivilligsentral